Kva skjedde då krigshelten Martin Linge fall i Måløy 27. desember 1941? Var det hans feil slik den offisielle historia er? Eller gjekk han i ei felle fordi britiske kommandosoldatar ikkje hadde gjort jobben sin? I denne boka blir historia til det einaste augnevitnet, som dokumentert frå fleire kjelder var med Martin da han fall, fortalt. Burde Martin Linge i det heile vore med til Måløy. Ikkje i følgje krigshistorikar Ragnar Ulstein. Og kvifor skulle Linge vere dumdristig og stille seg slik at han fall? Kort tid før Måløyraidet hadde han søkt om å få sleppe vere med på neste raid. Rosemary Reed og Martin Linge hadde planlagt bryllaup to veker etter Måløyraidet. Kvifor vart soldatane i kompaniet til Martin Linge og den norske journalisten og informasjonsmedarbeidaren Andreas Barlaup isolerte og ikkje fekk snakke med norske myndigheiter før 6. januar, 9 dagar etter raidet? Biografien handlar om mennesket Martin Linge. Barndoms- og ungdomstid som skapte skodespelaren, organisatoren, underoffiseren som britane kravde skulle få graden kaptein. Kapteinen som bygde opp kompaniet som etter krigen fekk namnet Kompani Linge. Om forfattaren: Svein Linge, f 1947. Lærarskulen 1969. Adjunkt med engelsk og historie grunnfag 1972 og 73. Ungdoms- og folkehøgskulelærar. Informasjonssjef ved Det Norske Teatret 1979-1986. Redaktør av lokalavisa Storfjordnytt 1988-92. Har skrive ei rekke historiske avisartiklar m.a. om personar og episodar frå krigsåra 1940-45 på indre Sunnmøre. Svein Linge er ikkje i familie med Martin Linge.
Les mer
Over tittelen: Mennesket og krigshelten

Produktdetaljer

ISBN
9788230020067
Publisert
2019-11-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
530 gr
Høyde
248 mm
Bredde
175 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
248

Forfatter