Det er viktig å forstå grunnleggande tenking innanfor både sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta. I sosialt arbeid er kjernen å understøtte prosessar som fremmar problemløysing, meistring og deltaking. Jussen har fokus på rettar og rammer som ein del av løysingane, og rettsreglane utgjer normer for handling. Denne boka viser korleis rettsreglar og hjelpeprosessar samspeler ved Nav-kontor. Rettleiarane i Nav-kontor har ulike faglege bakgrunnar, men dei forvaltar alle rettsreglar og utfører sosialt arbeid. Boka diskuterer sentrale tema der arbeidet er i dette skjeringspunktet, som kommunikasjon, samarbeid og skjønnsutøving. Målet er å utforske sider ved arbeids- og velferdstenesta som kan inspirere til fagleg diskusjon. Boka er relevant for den som interesserer seg for arbeid i Nav-kontor. Ho er nyttig for studentar som treng å forstå bakanforliggande prosessar i fagutøvinga, og for Nav-tilsette som vil reflektere over sin eigen praksis. Innholdsfortegnelse og bokutdrag Liv Jorunn Baggegård Skippervik er universitetslektor i velferdsrett ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og jurist og har lang erfaring frå arbeid i Nav-kontor. Siv Oltedal er professor i sosialt arbeid ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og sosiolog og har brei forskarerfaring, mellom anna frå Nav-kontor.
Les mer
Det er viktig å forstå grunnleggande tenking innanfor både sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta. I sosialt arbeid er kjernen å understøtte prosessar som fremmar problemløysing, meistring og deltaking. Jussen har fokus på rettar og rammer som ein del av løysingane, og rettsreglane utgjer normer for handling. Denne boka viser korleis rettsreglar og hjelpeprosessar samspeler ved Nav-kontor. Rettleiarane i Nav-kontor har ulike faglege bakgrunnar, men dei forvaltar alle rettsreglar og utfører sosialt arbeid. Boka diskuterer sentrale tema der arbeidet er i dette skjeringspunktet, som kommunikasjon, samarbeid og skjønnsutøving. Målet er å utforske sider ved arbeids- og velferdstenesta som kan inspirere til fagleg diskusjon. Boka er relevant for den som interesserer seg for arbeid i Nav-kontor. Ho er nyttig for studentar som treng å forstå bakanforliggande prosessar i fagutøvinga, og for Nav-tilsette som vil reflektere over sin eigen praksis.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245034608
Publisert
2022-03-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
540 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
278