Om å leve i bulderet frå undergangen. Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle. «Men ikkje Maria» er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang. Det er ein roman om begjær, svik, kjærleik og død og om kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197785
Publisert
2019-08-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
489 gr
Høyde
210 mm
Bredde
142 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
363

Forfatter