"Eg heitte Atle Vilder, var femtito år, og budde i et eldre hus ein stad på Vestlandet. Og staden heitte Gran. Og eg hadde budd i huset i tjueåtte år. Og eg var heime i huset mitt i Gran, eg stod på kjøkenet og såg ut av vindauget. Og på bordet låg eit brev. Det var eit brev frå Lise, kona mi. Eg hadde ikkje sett henne på år og dag." Her startar Tormod Hauglands nye roman. Brevet set tankane i sving og får Atle til å sjå tilbake. Etter kvart vert han ført tilbake til heimbygda og faren Bernhard som han braut med då han flytta til Gran for mange år sidan. "Mørk materie" syner Tormod Haugland på sitt aller beste. Det handlar om kjærleik, om å velje sitt eige liv og om å gjere seg fri, om å vere både far og son - og det handlar om å ha ein plan, som kanskje går på tvers av andre sine planar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249515554
Publisert
2015-08-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
384 gr
Høyde
141 mm
Bredde
210 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
252

Forfatter