Historikaren Matteus Olstad vaknar av at politiet bankar på døra. Den nærmaste naboen hans, Olivia Havnen, er blitt drepen i løpet av natta, kvelt i si eiga seng. Same dag dukkar Sofia, den ti år gamle niesa hans, opp, for å bu hos han i sommarferien. Medan politiet arbeider med mordsaka, strevar Olstad med å få ferdig den definitive bygdeboka om Nes kommune. Han kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte, men den oppvakte og nysgjerrige niesa vil gjerne hjelpe til med å oppklare mordet. Mysteria i bygda blir djupare og djupare, og i bakgrunnen ligg den skremmande skogen, der det blir sagt at den mytiske Ulvika-mannen streifar rundt. Mørk sommar er ei underhaldande mordgåte, full av merkverdige hendingar, eit fargerikt persongalleri og scener og dialogar i klassisk Hovland-stil.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195347
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet

Forfatter