Har mørket blitt ein avgrensa ressurs? Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? ' Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197914
Publisert
2019-01-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
300 gr
Høyde
195 mm
Bredde
135 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
155

Forfatter