Er barn mindre konvensjonelle i møte mellom ord og bilde enn dei vaksne? Her er boka som gjer terskelen lågare for dei vaksne i deira møte med bildebøker for barn! Boka inneheld artiklar om bildebøker for barn frå 1980 og -90-talet - ein vital periode for denne kunstarten. Mange forfattarar og illustratørar har utforska bildeboka som kunstnarleg arena - ofte med godt resultat. Artiklane er skrevne av litteraturforskarar, formidlarar og kjende norske illustratørar. Dei vekslar mellom prinsipielle drøftingar av forholdet mellom tekst og bilde i bildebøker og nærlesingar av einskildverk. Møte mellom ord og bilde inneheld òg fleire titals fargeillustrasjoner frå dei omtalde verka. Boka rettar seg til alle som er interesserte i bildebøker: førskule- og allmennlærarar, foreldrar, bibliotekarar, litteraturstudentar og -forskarar ved høgskole og universitet. Antologien er eit godt utgangspunkt til samtalar om billedlege uttrykk og illustrasjonens eigenart i studiar av estetiske fag så vel som litteraturvitskap og kunsthistorie.
Les mer
Boka inneheld artiklar om bildebøker for barn frå 1980 og -90-talet. Boka løftar fram det arbeidet som blir drive av barnelitteraturforskarar ved høgskular og universitet, primært i Noreg, og er representativ for den forskinga som til no har vore utført. Boka inneheld også artiklar av kjende norske illustratørar. Artiklane vekslar mellom meir prinsipielle drøftingar av forholdet mellom tekst og bilde i bildebøker og nærlesingar av einskildverk. Boka rettar seg primært mot barnelitteraturstudentar og barnelitteraturforskarar ved høgskular og universitet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202198626
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm AS
Vekt
368 gr
Høyde
238 mm
Bredde
170 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
191