Musikkhistoria kan vi seie er ei handverkshistorie der den eine generasjonen komponistar overfører formverk og komposisjonsteknikkar til neste generasjon. Ei slik framstilling kan vi kalle ei «indre stilhistorie». Men kunstnarane vil alltid prøve å skape det uttrykket som best kommuniserer med menneske i samtida. Derfor peiker forfattarane i denne boka på ein del ytre faktorar som kan ha påverka den musikkhistoriske utviklinga, til dømes politiske maktforhold, økonomiske forhold, filosofiske tankar, idéhistoriske straumdrag osv. I all kunst gjeld dette: Reiskapane arvar ein frå fortida, uttrykk og innhald blir prega av samtida. Forfattarane har prøvd å femne om begge desse dimensjonane. Musikk i perspektiv 1 kan forhåpentleg vere ei inspirasjonskjelde til å reflektere vidare over og fordjupe seg i dei aspekta som har vore med på å utvikle ei kunstform som faktisk er livsviktig for mange av oss. Hans Jacob Tronshaug har musikkvitskap hovudfag og musikkvitskapleg doktorgrad. Han underviser ved Nord-Østerdal videregående skole og er dessutan organist. Svein Tørnquist har musikkvitskap hovudfag og underviser i musikk og historie ved Stord vidaregåande skule.
Les mer
Dette er en lærebok i musikkhistorie. Den er delt inn i seks hoveddeler: middelalderen, renessansen, barokken, de nye retningene, romantikken og folkemusikken i Norge. Hvert kapittel avsluttes med oppsummeringsoppgaver. Med stikkord- og personregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245009149
Publisert
2010-08-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
662 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
301