Å byggje ein stat og skape ein nasjon, revidert utgåve Dette er det tredje bandet i det nye historieverket til Samlaget og skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. I 2015 kjem ein revisjon av denne boka. Boka har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nært knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252186550
Publisert
2015-02-18
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
730 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
352

Forfatter