Norsk no! er eit komplett nybegynnarverk i norsk for vaksne innvandrarar og dekker nivå A1 og A2. Norsk no! har rik bildestøtte og legg opp til mykje munnleg aktivitet. - Autentiske foto og rik bildestøtte - Dialogar og munnleg aktivitet - Roleg progresjon og mange oppgåver - Lesetekstar og støtta skrivetrening - Mange lytteøvingar - Verkelegheitsnær og engasjerande - Oppdatert tematikk og i tråd med læreplan Norsk no! er eit bilderikt univers med autentiske fotografi som brukast aktivt i språkopplæringa. Det opnar for motiverande kommunikasjon tidleg i opplæringsløpet. Språk skal lærast for å brukast, og det blir lagt vekt på kommunikasjon og ordforråd. Norsk no! har roleg progresjon og gjev stor deltakaraktivitet. Framstillinga er verkelegheitsnær og engasjerande. Norsk no! omfattar mange og varierte oppgåver og eit rikt differensieringsmateriell som passar til opplæring i samansette klassar. I tillegg til mange munnlege øvingar får deltakarane støtte og trening i skriftleg produksjon. Tekstane famnar alt frå dialogar og nyttesjangrar til samanhengande tekster og dikt eller songar.
Les mer
I henhold til GDPR-regelverket

Produktdetaljer

ISBN
9788211024626
Publisert
2017-10-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
Fremmedspråklige voksne, Spor 1, Spor 2
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok