Øl har til alle tider hatt ei avgjerande rolle i folks kvardagsliv og levesett, frå oldtidas Mesopotamia til dagens mangfaldige mikrobryggeri. Ølet har vore med gjennom heile livet - frå barselsøl til gravøl, til helg og høgtid gjennom fleire hundre år. Det har vore ein viktig ingrediens i spelet om politisk og religiøs makt og status. Sissel Brunstad tek oss med på ei reise i norsk ølhistorie, som for første gang er samla mellom to permar. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten. Norsk ølhistorie - frå Odins skål til i dag er eit must for alle ølelskarar og historieinteresserte. Den gamle bryggekunsten vil vere til inspirasjon for alle entusiastiske hobbybryggarar.
Les mer
Et funn!

Produktdetaljer

ISBN
9788279592891
Publisert
2019-12-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1034 gr
Høyde
245 mm
Bredde
178 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
345

Forfatter