Norsk Ordbok dokumenterer kor rikt og livskraftig det norske folkemålet er Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing. Norsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca 1600 til i dag, og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg har ein eit arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar, mange innsende av frivillige medarbeidarar over heile landet som har sendt inn ord frå sine eigne målføre sidan 1930. Ordboksverket byggjer også på ei omfattande elektronisk samling nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur, SOM inneheld meir enn 100 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse og Aina Basso. Norsk Ordbok vil liggje føre komplett i 12 band i mars 2016. Kvart band er på 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman vil ordboksverket omfatte ca. 300 000 oppslagsord. Med band 12 dekkjer orboksverket no heile alfabetet frå "a" til "åværig". Norsk Ordbok er utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av universitetet og av Kultur- og kyrkjedepartementet. Noregs forskingsråd gir støtte til trykkinga.
Les mer
Innleiing av Åse Wetås

Produktdetaljer

ISBN
9788252186987
Publisert
2016-02-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
1517 gr
Høyde
240 mm
Bredde
167 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet