Tarjei Vesaas gav ut i alt fire novellesamlingar: Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959). Vesaas publiserte altså noveller gjennom 30 år, på ulike stadium av forfattarskapen, og dette spennet blir også spegla i denne boka. Frå den første samlinga, Klokka i haugen, tok Vesaas berre med to av sju noveller då han sjølv redigerte Noveller i samling (1964), mellom dei den sterke «Signe Ton». I ei seinare utgåve kom det med fleire. I denne utgåva er alle novellene i alle samlingane tekne med.. Novellekunstnaren Vesaas hadde funne si form då han sju år seinare gav ut Leiret og hjulet. Denne samlinga inneheld kjende noveller som «Aldri fortelje det» og «21 år». Sistnemnde korthistorie vart filma av René Bjerke i 1990, og i 1990 filma same regissør novella «Det rare» frå Vindane. Samlinga Vindane står i dag som eit av høgdepunkta i Vesaas' forfattarskap, uansett sjanger. Det var med denne boka han vann Venezia-prisen i 1953 - og fekk dermed det store internasjonale gjennombrotet. Vesaas skreiv mange av sine beste bøker i 1960-åra. Den siste novellesamlinga hans, Ein vakker dag, kom i denne perioden. Den inneheld meisternoveller som «Hesten frå Hogget», «G for Gudny» og «Det snør og snør».
Les mer
Novellesamlinga inneheld alle novellene frå bøkene Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952), Ein vakker dag (1959).
Etterord av Leif Mæhle

Produktdetaljer

ISBN
9788205367104
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
370 gr
Høyde
190 mm
Bredde
119 mm
Dybde
36 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
605

Forfatter