Nynorsk på nytt er ei idébok for lærarstudentar og lærarar i grunnskole og vidaregåande skole. I den første delen av boka presenterer forfattarane forskjellige tiltak og forsøk innanfor sidemålsopplæringa, og korleis dei kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserommet og samfunnet. Andre del handlar om korleis vi kan legge opp undervisninga slik at det blir meir moro og mindre mas i ny-norskundervisninga. Denne delen er ein matnyttig idébank for nye måtar å arbeide med nynorsk som sidemål på. Her får læraren tips og råd om korleis ein kan skape motivasjon for emnet, både gjennom seriøse diskusjonar med elevar og foreldre, og gjennom leikorienterte aktivitetar som kan gje stort læringsutbytte. Ideane er retta mot arbeid med nynorsk som sidemål, men kan brukast i all slags språklæring. Norunn Askeland er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold. Cecilie Falck-Ytter arbeider som lektor ved Solvang skole i Asker.
Les mer
Dette er ei idébok for lærarstudenter og lærarar i grunnskole og vidaregåande skole. I første del av boka er det gjort greie for ulike tiltak og forsøk innan sidemålsopplæring, og korleis desse kan være med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserom og samfunn. Andre del handlar om korleis det kan bli meir moro og mindre mas i nynorskundervisninga. Her får læraren tips og råd om korleis ein kan skape motivasjon for emnet, både gjennom seriøse diskusjonar og gjennom leikorienterte aktivitetar. Med litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245007602
Publisert
2009-06-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
260 gr
Høyde
204 mm
Bredde
142 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
187