Og kven si skuld er det? er ei todelt bok om arbeidsløyse og om feltmetodisk forsking. Den første delen er ei omsetting av Cato Wadels bok, Now, Whose Fault is That? frå 1973. Ho byggjer på eit feltarbeid Wadel gjorde på Newfoundland på 1960-talet og handlar om den arbeidslause trygdemottakaren George. Vi følgjer George i strevet med å leva eit verdig liv midt i fattigdommen og arbeidsløysa og innsatsen hans for å ta vare på respekten for seg sjølv. Studien viser kor grunnleggjande arbeid er for ein person sin identitet. I den andre delen av boka drøftar Carl Cato Wadel og Otto Laurits Fuglestad sentrale feltmetodiske tema med utgangspunkt i dette feltarbeidet. Tema er blant anna tilgang til feltet, utvikling av rolle, forskingsetiske spørsmål og korleis ein kan utforma ein vitskapleg tekst. Denne delen gir dermed eit grundig innblikk i det å utføra og skriva ut eit kvalitativt orientert feltarbeid. Målgrupper for boka er forskarar, studentar som tek ei samfunnsvitskapleg utdanning, og studentar ved profesjonsutdanningar der opplæring innan samfunnsfag står sentralt. Ho er også aktuell for politikarar og tilsette i offentleg forvalting som er opptekne av arbeidslause sin situasjon. Boka kan også nyttast i undervisning som tek for seg kvalitativ metode og feltarbeid, og i emne som tek opp temaet arbeidsløyse. Såleis er boka både ei metodebok og ein vitskapleg tekst om eit aktuelt emne.
Les mer
Første del av boka byggjer på eit feltarbeid på Newfoundland på 1960-talet om den arbeidslause trygdemottakaren George. Studien viser kor grunnleggjande arbeid er for ein person sin identitet. I andre del blir sentrale feltmetodiske tema med utgangspunkt i feltarbeidet i første del drøfta. Målgruppa for boka er studentar og forskarar innan samfunnsvitskapleg utdanning og opplæring innan samfunnsfag. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276349160
Publisert
2011-04-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Høyskoleforlaget
Vekt
500 gr
Høyde
239 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
268

Forfatter