Mennesket er ikkje i verda liksom bordet er i rommet, egget i korga eller eplet i skåla. Mennesket er, til skilnad frå tinga, merksam på sin eigen førekomst, og det kan ikkje unngå å tolke andre menneske og sin eigen omgivnad. Tolkinga er ikkje verdinøytral, men ber i seg verdsettingar, og dei viser seg i det vi prøver å oppnå, det vi finn bryet verdt, det vi likar, det vi søkjer unna, det vi vil sleppe, det vi vil ha, det vi slett ikkje vil ha, det som imponerer oss, det vi avskyr, det vi finn gledeleg og det vi finn trist. Den viser seg også ved det vi fester oss mest ved: den mørke sida ved tilværet eller den lyse, det komiske, det tragiske eller det tragikomiske. Eit sentralt spørsmål i boka er slik: Er der visse grunndrag ved tilværet vi bør ta inn over oss, same korleis vi elles tolkar den samanhengen vi eksisterer i? JON HELLESNES er filosof og forfattar, professor ved Universitetet i Tromsø.
Les mer
Boka handlar om livstolking, og fenomen som har med livstolking og gjere. Eit sentralt spørsmål er: Er det visse grunndrag ved tilværet vi bør ta inn over oss, same korleis vi elles tolkar den samanhengen vi eksisterer i? Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252169775
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
245 gr
Høyde
205 mm
Bredde
128 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
200

Forfatter