Omtale: Reidar Almås er professor og nestor innan norsk landbruksforsking. Han har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen, men nyleg endra han syn. - Norsk landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, er ikkje til å berge. Vi treng noko nytt, meiner han. - Vi treng ein omstart, ein omstart verken dagens regime i landbruks- og matdepartementet eller dei norske landbruksorganisasjonane synest å vera i stand til å sette i gang. I denne boka gir Almås ei lettfatteleg innføring i den norske landbruksmodellen, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruksavtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk. Han er uroleg for kva som skjer med landbruket og presenterer ein alternativ landbrukspolitikk som kan auke norsk matproduksjon på fornybare, lokale ressursar. Denne debattboka vil vera ein brannfakkel inn i norsk landbrukspolitisk debatt. Boka er eit forsøk på skape ein høgare himmel over landbruksdebatten og samtidig eit varmt forsvar for eit allsidig, lønsamt og berekraftig landbruk over heile landet. Reidar Almås er norsk sosiolog og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk (1986-2013). Han er også ein aktiv kronikør og samfunnsdebattant. Almås er seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforsking, som han bygde opp frå starten i 1982. Boka kjem i mars 2016. Boka kan kjøpast hos dei fleste bokhandlarane eller tingast direkte frå forlaget.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270834914
Publisert
2016-03-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Snøfugl
Vekt
454 gr
Høyde
218 mm
Bredde
149 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
196

Forfatter