Ordriket 1-7 Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede. Lesebok 1A Leseboka sikrar ei rask og heilskapleg innlæring av bokstavane. Heile alfabetet blir gjennomgått i éi bok, og små og store bokstavar blir introdusert samtidig. Til kvar bokstavgruppe møter elevane spennande tekstar frå ulike sjangrar. Tekstane er differensierte og merka med tre ulike nivå. Ord- og begrepsforståinga er systematisk tatt vare på gjennom heile boka. Vi møter Sam og Ina, som bur i Snippen. Dei er på jakt etter ein tjuv som stel bokstavar. I løpet av den spennande jakta drar vi innom alle husa i nabolaget, frå A til Å. Rammeforteljinga skaper eit felles univers som heile klassen kan ta del i. Fargerike og innhaldsrike illustrasjonar støttar opp om leseopplevinga og gir elevane moglegheit til å delta på eigne premissar. Leseboka finst også i digital utgåve. Bokstavbok 1 gir meir trening i å lese og skrive bokstavane. Les meir på fagbokforlaget.no
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211035561
Publisert
2020-05-29
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
639 gr
Høyde
265 mm
Bredde
210 mm
Dybde
13 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
119