Multimodale tekstar er vår tids kommunikasjonsform. Ulike medium som aviser, tv og bøker har lenge utnytta det meiningspotensialet som ligg i å kombinere verbalspråk, lyd og bilete på ulike måtar. I den nye læreplanen for grunnskolen og vidaregåande opplæring, Kunnskapsløftet, vert multimodale tekstar kalla samansette tekstar. Arbeid med slike samansette tekstar har fått eit forsterka fokus i denne planen. Boka knyter generell kunnskap om multimodalitet til det konkrete arbeidet i klasserommet. Det didaktiske perspektivet er tydeleg gjennom drøfting av aktuelle teksteksempel og forslag til korleis ein kan arbeide med multimodale tekstar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Anne Løvland er førsteamanuensis ved Høgskolen i Agder. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap med ei avhandlinga om samansette elevtekstar.
Les mer
Boka gir ei innføring i multimodale tekstar. Dei ulike kapitla tar for seg tekst og tekstkompetanse, kva som kjenneteiknar ein samansett tekst, og å skape og lese samansette tekstar. Boka har eit tydeleg didaktisk perspektiv gjennom drøfting av aktuelle teksteksempel og forslag til korleis ein kan arbeide med multimodale tekstar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Har litteraturliste og stikkordsregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245005844
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
350 gr
Høyde
239 mm
Bredde
170 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
152

Forfatter