Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945. Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år? Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis, Kvinnheringen og Sunnhordland.
Les mer
"Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggjande sympatisk innstilling til det folkelege engasjementet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremisme og konspirasjonstenking, som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane, polariseringa og mistilliten som har vakse fram, og som kan bli eit demokratisk problem." Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234004377
Publisert
2021-02-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
422 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
294

Forfatter