Medrivande kjærleiksroman i tre generasjonar Morfaren til Mariann, Lluis, valde å forlate kvinna han elska i Marokko. Mor hennar, Maria, valde å følgje den unge arkitekten ho forelska seg i, til Norge. Sjølv forelskar Mariann seg i ein ho ikkje kan få. Korleis taklar ho å bli vald vekk? "Alt som er" er ein musikalsk og medrivande roman kor vi følgjer ein familie av arkitektar gjennom tre generasjonar. Veggane i den gamle tømmervillaen deira på Vinderen held godt på løyndommane og sanningane om dei som lever der. BRIT BILDØEN er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga "Bilde av menn" og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er òg verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom andre P2-lyttaranes romanpris for "Sju dagar i august" (2014) og Amalie Skram-prisen i 2020 for heile forfattarskapen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234000881
Publisert
2020-08-17
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
268 gr
Høyde
200 mm
Bredde
128 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
278

Forfatter