Bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. I denne perioden har Noreg hatt ein sterk velstandsvekst. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis dette har gått til, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt rammer og føringar for norsk utvikling. Næringar retta mot sjøen har vore sentrale gjennom heile perioden, og utanrikspolitikken har heller søkt tilknyting vestover enn sørover mot kontinentet. Noreg har også utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og eit lågt spenningsnivå jamført med andre land, og drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga. Ola Svein Stugu er professor i historie ved Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU. Han har særleg arbeidd med byhistorie, sosial historie og regionhistorie, i tillegg til historiedidaktikk. Han har tidlegare utgitt fleire bøker, m.a. band 3 i Trøndelags historie (2005) og Historie i bruk (2008), og vore medforfattar på band 6 i Trondheims historie (1997), og Norsk byhistorie (2006).
Les mer
1. utg. 2012

Produktdetaljer

ISBN
9788252196276
Publisert
2018-09-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
800 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
379

Forfatter