Bjørn Hatterud er funksjonshemma. Han er fødd med ryggmergsbrokk og har vore gjennom tallause smertefulle behandlingar og operasjonar. Hatterud har vore eit overvektig mobbeoffer og er dessutan homofil. Dette er ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis. Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. Som mor hans har sagt det: «Eg er så glad du er funksjonshemma. Det har gitt deg pengar frå NAV til studium og tid til å utforske deg sjølv og kva du vil. No kan du arbeide med det du likar, og likevel klare deg økonomisk. Utan funksjonshemmingane hadde du sikkert blitt i Brumunddal og kanskje jobba på posten!» For Hatterud har funksjonshemminga, homofilien, overvekta og mobbinga vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv. Boka er ein del av serien Norsk røyndom..
Les mer
Serietittel hentet fra forlagets hjemmeside

Produktdetaljer

ISBN
9788252197594
Publisert
2018-10-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
90 gr
Høyde
184 mm
Bredde
117 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
69

Forfatter