Frå innsida av Noregs mektigaste departement Fram til regjeringsskiftet 2013 var Morten Søberg statssekretær for banksaker i Finansdepartementet. Denne boka er hans rapport frå dei tre åra han var i toppen av det mektigaste departementet i Noreg. I skuggen av ei global finanskrise reiser Søberg frå sentrum av London til Longyearbyens periferi, til nokre av verdas største sentralbankar og mindre sentrale bankar på tvers av landegrenser og tidssoner: Noregs Bank, The First Bank of the United States, Snåsa Sparebank og Den norske Handelsbank. Søberg har skrive ei viktig bok om spørsmål som gjeld oss alle, men som få av oss kjenner godt nok til: Korleis fungerer eigenleg bankar? Kvifor må dei regulerast og kva samfunnsansvar har dei? Og kva rolle kan personar, til dømes ein skarve statssekretær, spele på innsida av eit mektig departement? Som i dei tidlegare bøkene sine, kombinerer Søberg solid fagleg innsikt med ei uvanleg formidlingsevne.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252183092
Publisert
2014-03-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
292 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
108

Forfatter