Reiseliv og språk er eit spennande fagområde i så mange samanhengar. Reiseliv og språk 2 byggjer på Reiseliv og språk 1 og tek først og fremst for seg kulturelle og språklege erfaringar som er knytte til ulike geografiske område, med vekt på interkulturell forståing, reiselitteratur, formidling og ulike reisefaglege emne. Boka følgjer i all hovudsak den strukturen læreplanen i faget legg opp til. Når det gjeld formidling, legg forfattarane særleg vekt på reiselivsjournalistikk. Slik får du ikkje berre brukt framandspråka dine, men også morsmålet - til å reflektere, tolke og formidle eigne inntrykk og reiseopplevingar. Kyrre Romuld har yrkesbakgrunn frå mellom anna reiseliv, forsking, bank og offentleg forvaltning. Han er lektor med mastergrad i samfunnsfag. Siv Sandøy har det meste av yrkesbakgrunnen sin frå Braathens og SAS. Ho er lektor med mastergrad i reiselivsfag. Anne Løschbrandt har fleire års praksis frå reisearrangør- og reisebyråverksemd og som frilans reiselivskonsulent både i Noreg og utlandet. Ho har i mange år undervist i reiselivsfag. Hilde Kvamsås Aa arbeider som lektor i den vidaregåande skolen, der ho underviser i medie- og informasjonskunnskap og historie.
Les mer
Denne boken bygger på Reiseliv og språk 1, og omhandler først og fremst kulturelle og språklige erfaringer knyttet til forskjellige geografiske områder, med vekt på interkulturell forståelse, reiselitteratur, formidling og ulike reisefaglige emner. Boken følger i all hovedsak den strukturen læreplanen i faget legger opp til. Med stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245010053
Publisert
2010-03-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
444 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
234