Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip sit på kafeen og planlegg neste konsert. Heavykatten har laga masse nye tøffe heavyriff og diggbare tekstar. Han vil at dei skal ha røykmaskin og svære flammekastarar neste gong. Phillip har skrive mange fine og triste dikt og meiner dei skal visa lysbilete på ein skjerm bak på scenen. Men Discodansemusa, kva vil ho? Ho sit stille og drøymer og er ikkje med i det heile tatt. Dagen etter er Discodansemusa vekk. Ho har teke i mot tilbodet frå Reven Ruben, direktør i det multinasjonale selskapet, Schleip & Schlu, og har drege til byen for å bli popstjerne. Dei to andre er heilt fortvila og både sinte og skuffa. Men dei gjer ikkje opp og innkallar til audition på kafeen. Discodansemusa lever eit liv i luksus. Ho bur på hotell og får handla alt ho vil ha. Kafeeigaren oppdagar at han kjenner Reven Ruben frå før. Han er ein tidlegare småkjeltring, som har blitt storkjeltring i staden. Heavykatten og Phillip orkar ikkje tanken på at Discodansemusa skal kome ut for skurkar, og sjølv om ho har svikta dei, så dreg dei til den store byen for å hjelpa ho, og avsløre reven.
Les mer
Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip sit på kafeen og planlegg neste konsert. Heavykatten har laga mange nye heavyriff og Phillip har skrive fleire fine og triste dikt, men Disodansemusa sit stille og drøymar, og er ikkje med i det heile tatt. Det viser seg at ho har teke i mot eit tilbod frå Reven Ruben, og ho dreg til byen for å bli pop-stjerne. Kva skal Heavykatten og Pinnsvinet Phillip gjere no, og kva skjer med Discodansemusa i den store byen? Dette er den andre boka om dei tre tidlegare uvenene.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202211523
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen
Vekt
214 gr
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
78

Forfatter
Illustratør