Russland har vore eit imperium i nesten 500 år. Det gamle russiske imperiet gjekk under i 1917, men oppstod snart i transformert versjon som Sovjetunionen. Sovjetunionen blei historie i 1991, men mange russarar førestiller seg enno eit Russland som er større enn det som ligg innanfor den noverande russiske føderasjonen. Russiske imperium syner korleis arven frå imperiefortida pregar dagens Russland både politisk og ideologisk. For å forstå Russland og russisk sjølvforståing må vi kjenna til landet si forhistorie som ei verdsmakt. Boka gjev den historiske bakgrunnen for nyare konfliktar med nabostatar og andre spenningar i samtida. Samstundes peikar ho på praksisar og tenkjemåtar som har blitt borte undervegs. Russland har sidan 1500-talet vore imperium på ulike måtar. Og imperiet var - og er - meir enn berre imperialisme. Boka analyserer mangfaldige konstellasjonar av eit sentrum i samverke med ulike periferiar, og kombinerer den politiske historia med ei idéhistorisk framstilling av russiske sjølvbilde, før og no.
Les mer
«... Russiske imperium leverer ein grundig og svært kunnskapsrik gjennomgang av russisk imperieideologi og imperiepolitikk gjennom 500 år. [...] Skal du lesa berre ei Russlands-bok i år, vil eg tilrå Kåre Johan Mjør.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202548926
Publisert
2017-06-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
688 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
356

Forfatter