Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga. Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalist Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar òg opp eit lik under Nigardsbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører grufulle overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 - då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn. Politimannen og journalisten nøstar frå kvar si side. Det viser seg at dei gamle og nye historiene er samanvovne - og det skal få fatale konsekvensar. Med dei indre delane av Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid lagt eit imponerande puslespel av ei historie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252187250
Publisert
2015-02-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
490 gr
Høyde
210 mm
Bredde
141 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
350

Forfatter