«Eg kan ingenting om Kina. Eg skal ikkje skrive om det eg kan, men om det som forundrar meg.» Dette seier Kjartan Fløgstad om bokprosjektet sitt når han drar til Kina. Og dette er det han gjer i Shanghai Ekspress. Fløgstad møter Kina open og forundra og observerer leikande og lærd. Lærdommen er ikkje kinesisk, men europeisk, og det blottstiller han ope. Vegen går til byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Landskapet er nytt, men teksten er umiskjenneleg fløgstadsk. Dei store spørsmåla Fløgstad har arbeidd med om modernisering og epokeskifte, er bokstaveleg talt raude trådar gjennom teksten. Shanghai Ekspress er ei rik og storarta essayistisk reisebok. «Fløgstad gir en glimrende innføring i kinesisk populærkultur til tross for at han 'ikkje har peiling' på Kina.» Ingunn Økland, Aftenposten
Les mer
I denne essayistiske reiseboka møter Kjartan Fløgstad Kina open og forundra og observerer leikande og lærd. Han tek lesaren med på ei reise inn i eit langt på veg ukjent landskap, til byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Han observerer alt det ukjente han møter, gater, personar, situasjonar, og er utilslørt fascinert, men ikkje ukritisk. Har kart.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205303515
Publisert
2003
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
130 gr
Høyde
115 mm
Bredde
185 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
205

Forfatter