Denne diktsamlinga spenner vidt i tematikk og tone, frå det inderlege til det leikande. I dikta "Ingenting var som før" og "Lilje" kjem det autentiske, kjenslemessige nær innpå. I "Sorga" trollbind Bonenberger med si knappe form. "Strå" og "Kvilestein" opnar opp for refleksjon utan å verta påtrengjande, to berande dikt i samlinga.
Innhaldet i boka er variert, og har er mange gode lommer å dvela ved, som i "Smultring", ei smidig og vellukka personifisering av den velkjende godsaka, og i "Vesle larve", der ho heng dinglande i puppa og på mystisk vis sprengjer seg gjennom veggene og faldar seg ut til ein vakker fivreld, ein sommarfugl er fødd.
Bonenberger får i denne diktsamlinga fram noko av det særeigne ved diktinga si, ein form for kontemplativ humor, der både glede og djupn går hand i hand.
Hans Günther Bonenberger er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Saman med mor og søster flykta han til Vest-Berlin i 1955. I 1957 vart han send på feiteferie til Noreg som Berlinerbarn og bortadoptert der. Bonenberger debuterte med diktsamlinga Lealaus grind – Alt heng saman i 2022, og kom med Høytørkeseng i 2023 og Mellom jord og himmel i 2024.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788283985542
Publisert
2026-04-22
Utgiver
Inkognito Publisering DA
Vekt
161 gr
Høyde
205 mm
Bredde
135 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
48
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter