Å TÅLE SITT LIV - det kan vere eit spørsmål når ein går inn i det siste tiåret mot hundre. Med mange tiårsbolkar bak seg, har ein spor som peikar attende til store og små opplevingar i livet. Tidlege barne- og skuleår legg seg som botnar for seinare meiningar og val av livsveg. Blir ein vis med åra? Og kan ein syne klokskap knytt til episodane ein vil hugse? Det trengs både ironi, satire og humør attåt uhøgtidleg sjølkjensle, om ein skal tåle sitt liv. Det trengs iallfall når ein, som forfattaren, deler sitt innsyn og sin røyndom med andre. Ola Jonsmoen har levd gjennom begge trengselstidene: okkupasjonen 1940-45 og covidtida i 2020-åra. Tapte moglegheiter i slike leveår er ei felles oppleving for barn og unge no og dei som enno minnes dei stolne åra på 1940-talet. No ser han tilbake på stort og småttt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293911067
Publisert
2022-07-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sollia Forlag
Vekt
200 gr
Høyde
215 mm
Bredde
135 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
66

Forfatter