Isa er ein 14 år gammal gut frå den vesle byen Gjakova i Kosovo. Han er halvt serbisk, faren hans er ein ukjend serbisk soldat. Isa har vakse opp med mora Deborah og stefaren Reza, som er veteran frå Kosovo-krigen, og som aldri har forsona seg med å ha ein uekte son i hus. Isa held seg tett til den tre år eldre halvbroren Shkodran, som er den einaste som kan beskytta han mot Reza. Handlinga i "Kvit bok mørk vinter" strekk seg over éin dag då Isa, Shkodran og Reza er ute i skogen med eit arbeidslag med krigsveteranar for å fella tre til brensel. Den ekstreme kulden er eit konstant følgje i denne konsentrerte og poetiske forteljinga om forholdet mellom to brør og om eit skogsarbeid som held krigsminna på avstand.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249519149
Publisert
2018-01-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
188 gr
Høyde
188 mm
Bredde
126 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
122