«Det ligg ein lur og lun smil bak forteljingane, som er ektefølte og ironiske på same tid. Sjølv om dei er skrivne for godt over hundre år sidan, sprett dei fram frå sidene mest som om dei var skapte i går.»

- Eivind Myklebust, Bokmagasinet

«Nescio skriv utleverande, men ogsa med atterhald, språket er rikt, men presist, med mange fine skildringar av lys, særleg korleis sollyset er over Amsterdam.»

- Odd W. Surèn, Dag og tid

«Omsetjinga har belgiske Van de Walle gjort saman med Øystein Vidnes, og utan at eg veit korleis eit slikt samarbeid går føre seg i praksis, kan eg trygt slå fast at det har vore vellukka. Særleg den snedige tonen – talemålsnær, men vektig litterær – treffer blink. Den demonstrerer at ein kan gå ganske langt inn i eit vestlandsprega nynorsk utan å skugge for den blodig raude sola som skin over kyr og kanalbåtar i det nederlandske flatlandet.»

- Eivind Myklebust, Bokmagasinet

Se alle

«Enhver liten poet – og ethvert voksent menneske som kjenner en slik barnslig drømmer og fantast – bør snarest kaste seg over Nescio, og gjerne lese de beslektede novellene til Thomas Mann i samme slengen.»

- Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet

«Skald er et mirakel. Hvordan skulle vi ellers fått lese slike unnselige, ideelle tekster som Nescios, om vakre tapere og tapt skjønnhet?»

- Even Teistung, Bokmagasinet

I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymande kunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom, og vi møter ein uventa Weltschmerz i ein kultur som har vore mest kjent for sine ikoniske målarnamn.Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlege vaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske – dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnar tekstane eit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Les mer
Inneholder: Snyltaren ; Unge titanar ; Ein liten poet

Produktdetaljer

ISBN
9788279593898
Publisert
2025-05-30
Utgiver
Skald AS
Vekt
205 gr
Høyde
186 mm
Bredde
124 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Antall sider
152
Orginaltittel
De uitvreter ; Titaantjes ; Dichtertje
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
K-fond: Ja