Kristoffer er åtte år, og om kvelden ligg han og skal lese Donald, men tenkjer og tenkjer på verdsrommet. Er det ein kant ein stad der ute, der verdsrommet sluttar - og kva er utanfor den? I rommet ved sida av Kristoffers, med døra på gløtt, sit faren og les i ei bok av Kant. Han må stadig inn til guten sin og svare på spørsmåla hans, og det blir klart at ingen av oss kan forstå alt - ikkje Kristoffer, ikkje far hans, og ikkje filosofen Kant. Tittelen på vår bok speler som ein skjønar både på tenkjaren Kant og på den kanten guten tenkjer seg der verdsrommet endar. Jon Fosses vesle .filosofibok. for dei yngste kom ut første gong i 1990. Boka har vore utseld lenge, og planen vår har like lenge vore å nyillustrere boka og gi henne ut på nytt. Akin Duzakin har gått til oppgåva med stort engasjement, og vi trur dette er ein kommande klassikar.
Les mer
Forfattaren har skapt ei bok om eit litt uvanleg tema, ein guts tankar om verdsrommet. Kristoffer er åtte år, og om kvelden ligg han og tenkjer på verdsrommet. Sluttar det eller sluttar det ikkje? Det er like mogleg at rommet sluttar som at det ikkje sluttar, kjem Kristoffer fram til. Og når det er slik, kan vel så mykje vere mogleg? Boktittelen spelar både på tenkjaren Kant og på den kanten som guten tenkjer seg verdsrommet sluttar.
Les mer
Første gang utgitt i 1990 med illustrasjoner av Roj Friberg. På tittelbladet: Akin Duzakin

Produktdetaljer

ISBN
9788252166095
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
319 gr
Høyde
271 mm
Bredde
214 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet

Forfatter
Illustratør