Ny spenningsserie for ungdom. Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under havet som stig. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå krig. Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Saman med mannskapet og forskarar er dei norske trettenåringane Jamal og Eira om bord. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Men så hamnar skipet midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar. «Vulkanen vaknar» er første bok i spenningsserien «Overleve», som tar deg med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga.
Les mer
Boka «Vulkanen vaknar» er byrijinga på ein ny serie med ei verd øydelagd av klimaendringar som kulisse. Det blir både spennande og tankevekkjande.

Produktdetaljer

Publisert
2022-01-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Illustratør