Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samtidig som det fremjar leselyst og leseglede. Elevbok 7B Språk er fantastisk! På 7. trinn er språk utgangspunkt for tema, tekstar og oppgåver. Det vil seie at kvart kapittel tek opp eit språkleg emne som det blir arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld eit utval tekstar med ulik vanskegrad. Desse tekstane forklarer og illustrerer det språklege emnet. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert og øvd på. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver på. Taleriket gjennomgår og øver inn munnlege ferdigheiter. Språkriket gjennomgår grammatikk, rettskriving og språkstruktur. Skriveriket øver inn skriveferdigheiter i ulike sjangrar. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som er nyttig i skriveprosessen. Ordriket 7. trinn: Elevbok 7A og 7B Lærarrettleiing 7 Digitale bøker og nettressurs på ordriket.no
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211017574
Publisert
2017-01-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1000 gr
Høyde
268 mm
Bredde
200 mm
Dybde
24 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
288

Illustratør