Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen i faget automatiseringssystem for Vg2 og Vg3 etter fagfornyinga. Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre nyfikna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein nettressurs. Automatiseringssystem 1 dekkjer temaa elektriske motoranlegg, mekaniske grensebrytarar og elektroniske sensorar, pneumatiske anlegg, PLS, datakommunikasjon og elektronisk kommunikasjon, dokumentasjon og systemforståing, målenøyaktigheit og kalibrering. I tillegg inneheld boka kapittel om måling av trykk, nivå, temperatur, gjennomstrøyming, turtal og posisjon. Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i over ni år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning. Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå OsloMet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.
Les mer
"Elektro og datateknologi, vg2, vg3" - Omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788211044143
Publisert
2021-11-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1196 gr
Høyde
260 mm
Bredde
205 mm
Dybde
21 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
382