Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen i programfaget automatiseringssystem for vg2 og vg3 etter fagfornyinga. Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre nyfikna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein innhaldsrik nettressurs med mellom anna fagomgrep, yrkesoppdrag og animasjonar. Automatiseringssystem 2 dekkjer temaa sikkerheit, mekanisk arbeid, pådragsorgan, hydrauliske anlegg, reguleringsteknikk, system, standardar og protokollar, utstyr og prosessar, metodar for gass- og væskeanalyse, robotisering og programmering, og dessutan vedlikehald og tilstandskontroll. Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i ti år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning. Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå Oslomet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.
Les mer
"Elektro og datateknologi, vg2, vg3" - Omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788211044167
Publisert
2022-11-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1100 gr
Høyde
260 mm
Bredde
205 mm
Dybde
22 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
407