Ny revidert utgåve av grunnbok i sentrale pedagogiske emne. Skolen for barnas beste tek føre seg ulike perspektiv på læring, oppvekst og utvikling i barne- og ungdomsalderen, etikk, pedagogisk idéhistorie og teori. På bakgrunn av dette presenterer forfattaren teorien om ein forløysande pedagogikk. Denne teorien er inspirert av eit omfattande erfarings- og forskingsmateriale, og av den internasjonale barnekonvensjonen som fastslår at alle tiltak for barn skal vere til barnets beste. Dette har konsekvensar både for oppfatninga vår av kva for læringsressursar barn og unge har, for utforminga av skolemiljøet, for prioriteringar av læringsinnhaldet og for opplærings- og arbeidsmetodane. Den forløysande pedagogikken gir eit nytt perspektiv på skolens møte med barn og unge, der det sentrale er realisering av høge pedagogiske mål for kvar enkelt. Den nye reviderte utgåva er oppdatert både når det gjeld til ny internasjonal forsking og teoridanning og nye lover og regelverk for skolen.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2012

Produktdetaljer

Publisert
2019-08-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter