Mikal reiser tilbake til heimbygda. Der møter han igjen bestemor si, Sara, ho som ein gong for mange år sidan blei sjuk og kom på sinnssjukehus, og Samson, sonen hennar, som også blei sjuk. I fem kapittel, som utgjer fem forteljingar, fem brotflater å nærma seg historia gjennom, fortel denne romanen om galskap, om sterke kjensler og stor innlevingskraft, om psykiatri og om nedbrytinga av menneske. "Skuggen og dronninga" er ein gripande og urovekkande roman. Sara gjekk inn i venleiken, inn i det mintgrøne vindfanget, vidare inn i den mørke gangen med lakka furepanel. Ho sette ikkje ytterdøra på klem, slik ho brukte å gjera før, så dei som følgde henne skulle koma inn, men stengde etter seg. Mikal hadde auka farten, sprunge etter henne den siste biten, og no stod han framfor dørhella, på den svarte singelen, med løyntnantshjarto og georginer lavande på begge sider. Han høyrde at ho stoppa der inne, snudde, tenkte seg visst om, før ho kom til døra, vreid nøkkelen rundt og låste. Han høyrde kneppet i låsen og stega hennar innover. I det same begynte ho å snakka, høgt, klagande, stigande, fallande, og stigande igjen, kanskje til seg sjølv, kanskje til Allan.
Les mer
Mikal reiser tilbake til heimbygda, kor han møter igjen bestemora si, Sara, og sonen hennar, Samson. Bestemora blei sjuk for mange år sidan, og kom på sinnssjukehus, og Samson blei også sjuk. Romanen er satt saman av fem forteljingar, og fortel om galskap, kjærleik, mot, psykiatri og nedbrytinga av menneske.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249504008
Publisert
2010-10-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
296 gr
Høyde
210 mm
Bredde
134 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
153

Forfatter