Slidre kyrkje, Slidredomen, «katedralen i Valdres» - kjært barn har mange namn. Slidredomen, som kyrkja blir kalla i dag, er den gamle hovudkyrkja i Valdres. Ho er datert til ca. 1268 og er den største av dei tre steinkyrkjene i Valdres frå mellomalderen. Boka fortel soga om korleis kristendomen kom til Valdres, om kyrkjebygging og om kyrkjelege kunstskattar som har vore i bruk i Slidredomen i hundrevis av år. Vi får òg eit innblikk i soga om alle dei som har vore prestar i kyrkja gjennom godt 750 år. Forfattar Jahn Børe Jahnsen har skrive boka om den vakre hovudkyrkja i Slidre. Boka er gjennomillustrert med foto som er tekne av Ola Døhl, presten som var ved kyrkja i tida 2012-2020. Det har vorte ei vakker bok som viser fram kyrkja i Slidre-landskapet til alle årstider. Jahn Børe Jahnsen (f. 1943) er fødd og oppvaksen i Oslo, men har budd i Valdres sidan han kom til Vestre Slidre ungdomsskule som lærar i 1971. Han er utdanna historikar og har vore lektor ved Fagernes vidaregåande skule. Seinare vart han konservator ved Valdres Folkemuseum og leiar for Opplandsarkivet. I Vestre Slidre var Jahnsen lokal leiar for utgravingsarbeidet ved Mo kyrkjeruin. Det var starten på eit stort lokalhistorisk arbeid han har lagt ned i Valdres gjennom snart femti år. Jahnsen har skrive mange bøker om historiske emne - ikkje minst om kyrkjene i Valdres. Han har skrive bok om Mo kyrkjeruin i Vestre Slidre, og om Ulnes kyrkje og Svenes kyrkje i Nord-Aurdal. Bygget av levende stene - Middelalderens kirkelige forhold i Valdres kom i 1983. Boka Slidredomen 800 år (1987) bygde på hovudoppgåva hans i historie ved Universitetet i Trondheim. Seinare har han skrive Middelalderkirker i Valdres (2008) og Bjørnen i kirken (2012).
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293762010
Publisert
2020-03-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kvitvella Forlag
Vekt
805 gr
Høyde
269 mm
Bredde
215 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
160

Bilder av