Dei som lengtar etter fleire bøker frå Lene Kaaberbøls hand, kan gle seg: Her kjem Sølvhesten, første boka i Katriona-serien! Sjangeren er fantasy, og allereie med denne serien hadde forfattaren stor suksess - før ho gjekk i gang med å skrive om Skammarens dotter, som no tusenvis av norske barn kjenner og elskar. I Sølvhesten møter vi den stridige, hissige og raudhåra jenta Katriona, som drøymer om éin gong å få sin eigen marehest og bli ein av sølvryttarane - bredinari.. Dei rir rundt over heile landet med bodskapar og brev, og nokon gonger også med hjelp til folk som har hardt bruk for det. Den dagen sølvryttaren frå Breda rir inn på gardsplassen ved Teresas kro, blir det vendt opp ned på Katrionas tilvære. Men det er ikkje lett for ei jente frå Tre Dalar å finne seg til rette i storbyen Breda - særleg ikkje når ein har så farlege fiendar som Hermelinen.
Les mer
Den dagen sølvryttaren frå Breda rir inn på gardsplassen ved Teresas vertshus, blir tilværet til Katriona snudd opp ned. Ho tek til å drøyme nye draumar, både gode og vonde, og nokon av dei går i oppfylling. Dette er den første av tre bøker om Katriona.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252165876
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
310 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
156

Forfatter
Oversetter