"Eg dveler ved skapingssoga for "Syngja" fordi eg trur ei slik soge kan kasta lys over kva litteratur er. Kastar me lys over kva litteratur er, kan det henda at me også ser eitkvart om sjølve språket. Ikkje minst trur eg soga om boka, forteljinga om forteljinga, kan seia noko om kva forhold me som samfunn har til avvik og dei svake." Då romanen "Syngja" kom ut i 2012, vart han møtt med strålande meldingar frå samstemte kritikarar, og for boka vann Vaage Brageprisen. Men "Syngja" var også boka forfattaren ikkje trudde han kunne skriva. Med denne romanen som utgangspunkt drøftar Vaage korleis livsrøynsler kan gjerast om til språk og litteratur, og kva som kan hemma eller drepa slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege når temaet er eit lidande barn. Er det slik at det språklause barnet er omgitt av språk som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Blir til og med diktaren stum når han lever i det språkleg fattige hjelpeapparatet? I "Sorg og song" fortel Lars Amund Vaage om korleis det kan opplevast når diktinga vert møtt som vedkjenningslitteratur. Han viser ikkje berre korleis han nærmar seg autismen i tidlegare bøker, men òg korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skriva: om å gi ord til det ordlause.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-01-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter