Spektrum gir ei brei innføring i dei ulike emna i samfunnslære VK1. Boka er lett å lese og lett å finne fram i, og eit skjønsamt utval tabellmateriale, illustrasjonar og statistikk sørgjer for at ho blir svært brukarvennleg. Boka inneheld òg mange nyttige Internett-adresser som hjelper elevane å finne relevant tilleggsinformasjon. Spektrum er ei lærebok som er både tradisjonell og nyskapande. Kvart kapittel blir innleidd med eit oversyn over dei viktigaste læringsmåla, slik at elevane veit kva som er sentralt i kapitlet, før dei går i gang med å lese. Ved hjelp av spørsmål og arbeidsoppgåver kan elevane kontrollere at dei har fått med seg det viktigaste, og på slutten av kvart kapittel er det framlegg til ulike typar prosjekttema. Til Spektrum er det laga eit arbeidshefte for elevane og nettsider med aktuelle nyhende, nyttige lenker osv. På nettsidene fins også eigne ressursider for lærarane. Forfattarane av Spektrum har lagt særleg stor vekt på å sameine dei ideelle måla i den generelle delen av læreplanen i Reform 94 med dei konkrete faglege måla i læreplanen for samfunnslære VK1. Leiv Mjeldheim har arbeidd i ti år som journalist med utanriksstoff i Bergens Tidende. Han er professor i samtidshistorie ved Universitetet i Bergen og har skrive fleire lærebøker. Sølvi Lillejord har allsidig undervisningserfaring frå vidaregåande skule. Ho er i dag professor ved Institutt for praktisk pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Erik Sølvberg er rektor ved Voss gymnas. Han har skrive fleire lærebøker for ulike samfunnsfag i den vidaregåande skulen. Utgåva er bearbeida av Arve Nilsen, Bergen Katedralskole.
Les mer
Boka gir en bred innføring i de ulike emnene i samfunnslære VK1. Med spørsmål, arbeidsoppgaver og forslag til prosjekttema til hvert kapittel. Har stikkordregister og forklaringer på begreper og forkortelser.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245003109
Publisert
2005
Utgave
5. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
599 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
285

Illustratør