Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller noko om likskapane og skilnadane i korleis menneske og sjimpansar kommuniserer? Kva med grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk? Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter. Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege. Til boka høyrer nettstaden www.gluspråk.no med oppgåver, løysingsforslag og kuriosa om språk. Nettstaden støtter opp om boka og er ei nyttig ressurs for å læra seg omgrepsapparat og analysemetodar. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen. Rolf Theil (fødd 1946) er professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Telemark. Ingebjørg Tonne (fødd 1966) er førsteamanuensis i norsk som andrespråk ved Universitetet i Oslo.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245014617
Publisert
2015-05-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
787 gr
Høyde
240 mm
Bredde
190 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
300