Sosiolingvistikk er ei grein av språkvitskapen som tek utgangspunkt i språkvariasjonen i samfunnet. Ulike språk og ulike språklege variantar møtest heile tida både i det enkelte individet, i lokalmiljøet og i det større fellesskapet. I slike møte ser ein korleis språkleg variasjon er knytt tett til dei sosiale, kulturelle, psykologiske og samfunnspolitiske tilhøva i kvardagen vår. Denne boka gjev ei innhaldsrik og grunnleggjande innføring i sosiolingvistikk basert på norske tilhøve. Forfattarane legg vekt på mellom anna språkleg endring, dialektar, fleirspråklegheit og den særeigne norske skriftspråksituasjonen, og dei gjev mange viktige døme frå norske undersøkingar. Språkmøte er aktuell for alle som er opptekne av og vil vete meir om språkvariasjon og om norsk språk, til dømes studentar i norsk, nordisk, lingvistikk, språkkontakt og migrasjonspedagogikk. Forfattarane er framståande språkforskarar frå NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. I Språkmøte blir mellom anna desse emna drøfta: talevariasjon, dialektar og fleirspråklegheit skriftvariasjon språkendring språk og identitet sosiolingvistisk metode
Les mer
Dette er ei innføringsbok i sosiolingvistikk, og framstillinga drøftar ulike former for språkleg variasjon og viser korleis ein har valt å forske på slike problemstillingar. Forfattarane presenterer ulike sosiolingvistiske teoriar og underbyggjer dei med norske eksempel og undersøkingar. Boka er aktuell for studentar i nordisk, lingvistikk, norsk i lærarutdanninga, kommunikasjonsfag og migrasjonspedagogikk. Har litteraturliste og stikkordregister.
Les mer
"Det er ei interessant bok, også for dem som "bare" er generelt interessert i språk og hvordan det endres over tid og på grunn av påvirkning utenfra."

Produktdetaljer

ISBN
9788202283445
Publisert
2008-08-29
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
497 gr
Høyde
240 mm
Bredde
168 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
264