Denne boka inneheld ei samling av vel førti populærvitskaplege artiklar om språk og kultur i Noreg. Boka rettar seg mot alle som har interesse for norsk språk, og ho vil også kunna brukast i den vidaregåande skulen. Artiklane i boka omhandlar fleire av dei emna som læreplanen Kunnskapsløftet listar opp, emne som skisserer kompetansemåla i norskfaget. Kvar artikkel tek for seg ein avgrensa innfallsport til det norske språksamfunnet og kan difor lesast som ein sjølvstendig tekst uav.hengig av resten av boka. Likevel er det slik at fleire av emna er i slekt med kvar.andre. Forfattaren drøftar i boka mellom anna språk og nasjons.bygging, tospråksituasjonen her i landet, dialektar og dialekt.bruk, tilhøvet mellom språk og samfunn, og det fleirspråklege Noreg. I tillegg har han med artiklar som gjeld ungdoms.språk og slang, språket som makt-faktor, språkdød, framtida for norsk språk, og ord og vendingar med historie. I boka finn ein også ei utgreiing om språket i ein region, nærare bestemt Agder. Til slutt i samlinga gjev forfattaren oss ei innføring i samiske og kvenske språktilhøve.
Les mer
Dette er ei artikkelsamling med vel førti populærvitskaplege artiklar om språk og kultur i Noreg. Boka er skriven for alle som interesserar seg for norsk språk, og vil også kunne brukast i den vidaregåande skulen. Artiklane omhandlar fleire emne som er llista opp i Kunnskapsløftet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788292712610
Publisert
2012-03-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
PORTAL
Vekt
450 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
173