Denne boka undersøkjer om og i kva grad ulike språkstrids.ideologiar frå 1800- og 1900-talet kjem fram i arbeida til utvalde norske språkhistorikarar. Dei rammene som norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet heldt seg innanfor, blei definerte ikkje berre av språk.vitskapen, men også av språkstriden, som kom som eit resultat av 1814-frigjeringa frå Danmark saman med nasjonalromantisk filosofi og ideologi. Mykje av norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet var tett knytt til språkstridsideologien i samtida. Ei sentral oppgåve som språkforskarane hadde etter 1814, var å skilja ut det som skulle gjelde for norsk språk og norsk språkutvikling, særleg i motsetnad til dansk, men òg til svensk. Boka tar for seg nokre sentrale språkhistorikarar og drøftar deira problemstillingar, teoriar og metodar for å sjå i kva monn dei var, eller ikkje var, språkstridsideologisk påverka. Forfattarane Ernst Håkon Jahr, Gudlaug Nedrelid og Marit Aamodt Nielsen er professorar i nordisk språkvitskap ved Uni.versitetet i Agder, Kristiansand, og har forska og publisert mykje om norsk språkhistorie og andre språkvitskaplege emne.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270998661
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
367 gr
Høyde
225 mm
Bredde
145 mm
Tykkelse
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
155