Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir drøfta i boka. Dei faglege innsiktene er rikt eksemplifiserte med reelle døme. Målet er at boka skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå og handtere mangfaldet dei møter i den moderne barnehagen, slik at dei har eit godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn. Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga, men boka er eigna for alle som arbeider i barnehagen, og ho vil òg vere nyttig for grunnskolelærarstudentar. Forfattarane i boka: Ann-Kristin Helland Gujord er tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen. Magnhild Selås er tilsett ved Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder. Edit Bugge, Dagmar Andrea Cejka og Randi Neteland er tilsette ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskulen på Vestlandet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245020823
Publisert
2017-07-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
438 gr
Høyde
240 mm
Bredde
171 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
223