Dette er den første norskspråklege innføringsboka i sosiolingvistikk, eit fag som etter kvart har fått stor merksemd innanfor nordiskstudiet. I tillegg er boka aktuell for studentar i lingvistikk, norsk i lærarutdanninga, kommunikasjonsfag og migrasjonspedagogikk. Framstillinga drøftar ulike former for språkleg variasjon og viser korleis ein har valt å forske på slike problemstillingar. Forfattarane presenterer ulike sosiolingvistiske teoriar og underbyggjer dei med norske eksempel og undersøkingar. Boka fungerer som ein innfallsport til dei meir komplekse tema i faget og stimulerer til spørsmål og funderingar omkring samband mellom språk og ulike samfunnstilhøve. Språkmøte er meint som undervisningsbok, men stoffet er presentert på ein slik måte at det også ligg godt til rette for ein god del sjølvstudium. I tilknyting til kvart kapittel er det laga spørsmål til repetisjon av sentrale tema og til vidare refleksjon og eigenaktivitet. I tillegg finst det forslag til faglitteratur for dei som ønskjer å gå djupare inn i sosiolingvistiske problemstillingar.
Les mer
Dette er ei innføringsbok i sosiolingvistikk, og framstillinga drøftar ulike former for språkleg variasjon og viser korleis ein har valt å forske på slike problemstillingar. Forfattarane presenterer ulike sosiolingvistiske teoriar og underbyggjer dei med norske eksempel og undersøkingar. Boka er aktuell for studentar i nordisk, lingvistikk, norsk i lærarutdanninga, kommunikasjonsfag og migrasjonspedagogikk. Har litteraturliste og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202198206
Publisert
2003
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
520 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
280